 NRF-kyrne syner seg å ha god fertilitet. Foto: Randi Therese Garmo |
I 35 år har fruktbarheit, helse og brukseigenskapar vore inkludert i avlsprogrammet til Norsk Rødt Fe (NRF). Eit doktorgradsarbeid ved Noregs veterinærhøgskole viser samanhengen mellom seleksjon, energiopptak og eggstokkaktivitet hos Norsk Rødt Fe og konkluderer med at NRF-kua har god fertilitet og er godt tilpassa krava til mjølkeproduksjon i økologisk og konvensjonell drift.
Randi Therese Garmo har undersøkt fertiliteten hos NRF-kyr i konvensjonelle og økologiske besetningar rundt om i landet. Det overordna målet på god fertilitiet er at kua kalvar ein gong i året. For å nå det målet må kua vere drektig igjen tre månader etter kalving. Garmo fann ein høg drektigheitsprosent hos både kyr (61%) og kviger (70%) ved første inseminering hos NRF-kyr.
Ein kalv i året krev at kua kjem igang att med eggstokkaktivitet tidleg etter kalving for å auke sjansa for å bli drektig ved inseminasjon. Garmo har funne at kyr som er avla einsidig for høg mjølkeproduksjon kjem seinare igang med eggstokkaktiviteten enn kyr som er avla for fruktbarheit i tillegg til mjølkeproduksjon. Studien viser også at andre ukjente faktorar enn energibalansen virkar inn og gjev dårlegare fertilitet hos kyr avla einsidig for høg mjølkeproduksjon.
 Gult legeme (Corpus luteum) på eggstokken hos ku Foto: Henry Moore, Pathways to pregnancy and parturitition, 2005 |
Sjølv om eggstokkaktiviteten er igang etter kalving er det fleire hinder i vegen før kua igjen er drektig. Etter eggløsing blir det gule legemet danna der egget var, og det hender at dette blir ståande lenge slik at den normale lengda mellom to brunstar blir forlenga. Førekomsten av vedvarande gule legemar var låg hos NRF-kyr. Men kyr som har dette problemet, har ein større risiko for å bli inseminert på ”falsk” brunst og blir da ikkje drektig. Vedvarande gule legemar oppsto oftare hos kyr som kom tidleg i gang med eggstokkaktiviteten etter kalving og viser såleis at einsidig avl for tidleg eggstokkaktivitet kan ha ugunstige effektar på eggstokkfunksjonen.
Ved samanlikning av fertiliteten i konvensjonell og økologisk drift fann ein at fertiliteten var god og at det ikkje var forskjell mellom kyrne i dei to driftsformene. Dette er til motsetning frå 10 år gamle undersøkingar der det blei konkludert med at dei økologiske kyrne lei av energiunderskot som så førte til nedsett fertilitet. Dei siste åra har kyr i økologisk drift blitt fôra med meir kraftôr, og det er nok årsaken til at det ikkje er skilnad på fertiliteten mellom økologiske og konvensjonelle kyr.
Cand.med.vet. Randi Therese Garmo disputerte 14. januar 2010 for graden Philosophiae Doctor (PhD) ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga ” The Significance of Sustainable Breeding and Management Programs on Reproductive Performance in Norwegian Red Cows”.
Personalia
Randi Therese Garmo er oppvaksen i Lom og blei uteksaminert frå Noregs veterinærhøgskole i desember 2003. Doktorgradsarbeidet er utført ved ProdMed, NVH, og ho er no tilsett ved ambulatorisk klinikk, NVH.
Kontakt: Randi Therese Garmo, tlf.: 22 59 74 91, mob: 992 94 512 eller e-post:
randi.garmo@nvh.noMagnhild Jensen, informasjonskonsulent NVH, tlf. 77 66 54 01, mob: 957 94 830 eller e-post
magnhild.jenssen@nvh.no